KJÆRLEIKSLENGSELEN

Kjærlighetslengselen, er den det djupast i oss? Lengselen etter å bli sett, lengselen etter å bli elska, lengselen etter å bli tatt imot med alt ein er. Og vil denne lengselen forbli i oss så lenge vi puster, om han ikkje blir besvart? 

Vi er mange som lever aleine. Mange som ikkje har nokon å dela kvardagens gleder og sorger med. Mange som ikkje har vårt menneske i livet hos oss. Vi har ingen som er der om morgonen når vi vaknar, og ingen vi høyrer pusten (eller snorkinga) til gjennom natta. Vi har ingen å eta frukost med og ingen å dela eit glas vin med laurdagskvelden til eit godt måltid. Ein må ha vore der for å vita korleis det er. For vi har det jo godt, i våre aleinehet, også. Vi styrer dagane våre, vi styrer kor tid vi søv og vaknar, vi styrer kva vi vil ha til mat og kva vi vil sjå på TV. Vi kan så visst ha eit godt liv. Men lengselen, den er der vel innunder og bak alt. Lengselen etter nokon å elska og nokon å bli elska av.

Visst veit vi alle at det ikkje berre er fest å vera to. At det er slitasje, at der er irritasjonar, at det er konflikter. At det kan vera stor einsemd i tosomheten. Men nokon er der. Ein som kan koma med toalettveska om ein blir akuttinnlagt på sjukehus. Ein å dela dei daglegge bekymringane med. Ein er to om gleder over barn og barnebarn. Det er nokon der. Kva det betyr har mange av oss først forstått når den som var der ikkje er der.

Ein treng ikkje kjenna seg elska om ein har ein make. Og kva er det å bli elska? Er det ikkje å vera den valde? Som barnet stormar mot mor eller far når dagen i barnehagen er over. Som bildet eg aldri gløymer, då ein eg visste hadde vore gift i snart førti år sat på kafeen og såg kona koma inn døra. Ansiketet hans som opna seg, der han såg henne, og berre henne, i den fulle kafeen.

Så er ikkje det å bli elska og bli sett noko ein berre kan oppleva med ein kjæraste eller make. Barn kan elska foreldre, foreldre sine barn, og er ikkje gode vennskap også kjærleik, noko som bekreftar ein. Det er nokon der som fortel ein at ein er viktig og betyr noko. Utan bekreftelse trur eg vi får ein form for mangelsjukdom. Vi krympar og får ikkje levd ut vårt beste. Vi treng å bli elska, vi treng å bli sett, vi treng nokon som tar imot alt vi er. Og er det ikkje nokon andre der, så får vi sanneleg sjå oss sjølv, bekrefta oss og tåla oss sjølv, med heile vårt forråd. 

Det er påske...

Det er påske, og eg har heimepåske. Det er det fleire enn eg som har. Og i dag møtte eg to glade venner som eg hadde ein kopp kaffi saman med. "Så de er heime, de også", sa eg. Og dei smilte stort. "Ja, og vi er så glade for heimepåsken vår. Det er så deilig å sleppa stua bilen full for å dra på hytte på fjellet, bu trongt og ha det kummerleg, eller å få båten i stand til å dra på sjøen og styra med alt ein må ha med, eller å måtta fylla termos og pakka niste for ein slitsam fjelltur. Vi rett og slett nyt å vera heime. Ha alt vårt rundt oss, gå tur viss vi vil, gå på kafe viss vi vil, berre ha det roleg og godt. Dagane ellers er så travle at det er så godt å gjera ingen ting". Og eg kjente korleis det song i meg at slik har eg det også. La dei som vil dra på hytte og sjø og fjell. Eg nyt å vera heime og gjera ingen ting. Jo jo, litt einsamt kan det bli fine kveldar aleine, men aller mest godt. Kunna sjå film halve natta om ein vil, og så krypa ned i si eiga seng når det er tid for det. Å kunna sitja på verandaen og berre glo. Berre vera til. Om nokon seier "er du berre heime" så vil eg også svara "takk og pris, eg er berre heime". Det er ingen dårleg deal det.

Kort møte som sit att

Eit kort møte kan henga i lenge etterpå. Eg møtte ein eldre mann på vegen i dag. Eg hadde høyrt han hadde vore svært så sjuk, så eg sa spontant kor fint det var å sjå han ute igjen. Ja, sa han, han hadde vore så sjuk at dei hadde gitt han opp, men så kråna han til igjen. Ein dag opna eg berre augo, sa han og smilte. Men mykje tess med han var det ikkje, han greidde ikkje føta seg, og blei hjelpt opp i ein stol. Då sa eg til meg sjølv, sa han, skal du bli sitjande slik som ein blome som berre visnar fordi han ikkje blir vatna? Så bestemte eg meg for at eg skulle koma meg på føtene igjen. Først måtte eg ha to stokkar for å koma meg fram, no har eg berre ein. Han smilte og viste til stokken sin. Men det verste var, sa han, at hukommelsen var borte. Det likte eg lite, så eg sa til meg sjølv, no får du vera din eigen sjef og få ting gjort, så kvar dag skreiv eg ei liste over ting eg hugsa. Først var det berre ein og to og kanskje tre ting på lista, men eg gav meg ikkje. Og no hugsar eg det eg treng.  Då vi skildes der på vegen var eg full av respekt, og djupt imponert over denne flotte mannen vel passert nitti år. Og eg fekk ei påminning om kva sta vilje kan få til. Eg er ein skikkeleg stapeis, sa mannen til meg. Han rynka panna, sa litt nølande: men når staheten blir brukt til noko bra, då er det vel ikkje så ille. Måtte vi alle bruka staheiten vår til det som er bra. Bra for oss sjølve og bra for andre. Eg fekk ei påminning om at når livet buttar mot, så får vi ikkje bli sitjande som visnande planter, vi får ta to stokkar og kara oss fram. Dette øyeblikket på vegen, det sit att i meg. Kva vilje kan bety. Og stahet.

LENGSELENS ØYEBLIKK

Det er noko med desse sommarkveldane. Det å sitja og sjå utover fjorden, sjå den nydeleg pastellhimmelen, sjå dei småkrusande bølgene, og så sjå alle dei som går tur forbi verandaen min. Det er då han opnar seg, lengselen. Denne irrasjonelle og djupe lengselen. For ingen skulle vore aleine ein slik kveld. Då skulle ein hatt nokon ved sida si, nokon å stå og sjå utover fjorden med og kjenna ein arm om skuldra, eller ein å drikka te med på verandaen. Han lar seg ikkje heilt styra denne lengselen. Det hjelper ikkje at ein har eit godt liv, at ein trives særdeles godt i eige selskap eigentleg, pinleg å sei for vi skal jo vera sosiale, og at ein verken har plass i kleskapet til nokon å bu saman med eller ellers, og at ein dessutan kvar morgon når ein vaknar trøtt og med dårleg ande tenkjer det er no godt å vera aleine her i senga. Men altså, denne lengselen, den kjem smygande. Og særleg dei fine kveldane. Det er vel slik at den som ønskjer seg barn berre ser gravide. Og den som er aleine berre ser to og to. Og eg bur slik til at det er ynda turveg forbi her eg bur, så eg ser mange. Her går dei side ved side, arm i arm eller med arm om skulder. Her går dei tause forbi, her går dei pratande, her går dei leande. Og eg sit innfor glaset eller på verandaen og er tilskodar. Og eg spør meg, kvifor lengtar eg etter noko eg fortel meg sjølv eg ikkje treng. Noko eg lever godt utan. Ja, sei det. Men slik er det. Himmelen er så vakker over fjella i kveld, fjorden så lys blå. Og eg, eg får berre akseptera at denne lengselen er her den. Den er ein gjest som kjem no og då. Og bra er vel det, for så lenge lengselen er her, så er det liv i meg.

 

Kommentarer

21.10.2021 13:27

Maria Ramsfjell

Hei Bente,

Har du igjen av diktsamlingen «Kvilestein» til salg? Har forgjeves forsøkt å få tak i den på nett. Diktene dine berører meg sterkt og har betydd mye for meg i perioder med tap av kjære.

21.10.2021 20:08

Bente

Hei, «Kvilestein» er nok utseld for veldig lenge sidan, men diktet Kvilestein er med i samlediktsamlinga «Side ved side» som er lesarane sine utvalde dikt frå min diktproduksjon.