Det som er livet

Det er litt fint å ha eit forråd av minner. Ein stor ressursbank av opplevingar. Det er noko av det fine med å bli eldre, ein har eit stort og vidt spekter av erfaringar. Der ligg sorger og der ligg gleder. Der ligg godt og der ligg sårt. Det er vel det som er å ha levd, at ein har fått smaka litt av kvart. Og di meir ein har opplevd og erfart, jo mindre bastant og sikker blir ein. For det har vist seg at rett og gale, godt og vondt har så mange fleire nyansar enn ein trudde frå starten av. Eg las bøkene om Anne frå Bjørkly då eg var jente, og Anne delte menneske inn i to kategoriar: Dei beslekta sjelene og dei andre. Men Anna opplevde som dei fleste av oss opplever, det viser seg at når ein blir kjent med "dei andre" så kan det fort visa seg at dei likevel er beslekta sjeler. Det er noko med å møtast i det sårbare, bak fasadene og maskene. Ein kan så lett la det ytre vera det ein trur er mennesket. Eg har ofte tatt feil, og eg har på min livsveg møtt mange beslekta sjeler. Nokon gjenkjente eg med ein gong, andre oppdaga eg undervegs. Menneske ein møter og øyeblikk ein opplever, det er det som blir til eit liv. Og mitt prosjekt er å famna alt det som er der og forsona meg med det, for uansett godt eller gale, så er det dette som har vore livet.

Eg har aldri vore av dei spreke, og eg vaks opp med ein hemma kropp. Lærte fort det som var reglane: ver stille, ikkje bråk, ikkje skitn deg ut, gjer deg mest mogeleg usynleg. Så det hang i meg då eg skulle ut i verda (og skulen). Eg sto helst og såg på når dei andre spratt rundt og leika, og eg blei tidleg ein svært god observatør (noko eg har hatt god nytte av sidan). Men øving gjer meistring og stilleståing gjer ingen sporty. Eg var den som blei valt sist til alle ball-leikar på skulen. Det laget som måtte ta meg til sist sukka. For eg var så forsiktig, så uendeleg sakte. Inni meg blømde ei stor verd, der var det eit yrande og mangfaldig liv, men utad heldt eg meg tilbake. Skrivinga blei mi verd ganske tidleg, det og bøkene. Eg drøymde ei stund om å bli skodespelar, for eg elska å stå på scenen, men fann fort ut at utan kropp og med berre eit hovud var ikkje det noko å satsa på. (Eg inntok scenen sidan med berre orda). Først som nesten femtiåring vågde eg meg ut i dansen. Melde meg inn i tangoklubben, gjekk på kurs, og opplevde den utrulege gleda ved å kunne sveva over eit dansegolv. Det eg skulle ha opplevd frå barnsbein av, denne utrulege gleda over ein kropp som rørte på seg. Men det er ein ting eg ber med meg, som eit arr i meg, og det er opplevinga av å bli valt sist. Det å stå der på skuleplassen og sjå alle dei andre bli valt og så stå igjen som siste mann, det har gjort noko med meg. Eg reknar alltid med å bli den sist valte. Å by meg fram er umogeleg, eg ventar. Eg trur aldri på at nokon kan lnskja å velja meg. Eg var djupt overbevist om at min første ektemann valde meg fordi han ikkje fekk ho han helst ville ha. Ingen fornuft kunne ta frå meg den indre uroa. Og min andre mann fann seg ei som passa bedre til han. Om det blei til det gode for oss begge, så beit det seg fast at eg blei valt vekk. Det er desse indre demonane frå dei tidlege år som ikkje blir borte, om at ingen vel meg viss dei har anna val. Om eg i dag er ei vaksen kvinne som greier meg svært så godt aleine, og har eit særdeles godt liv der det kunne vore plass til fleire, så ryggar eg kvar gong nokon seier til meg at det kjem nok ein kjekk kar ein dag. For kven vil velja meg? Eg er ubrukeleg, seier ein nisse bak i nakken min, og same kor eg jagar nissen bort så kjem han stadig på nytt og nappar i meg. At eg får så mykje oppmerksomhet som få andre, at eg har så mange rundt meg som vil meg vel, det tar ikkje bort det som sit der djupt i meg, at eg er ikkje god nok, eg er ikkje flink nok, eg er i grunnen eit sisteval om nokon får velja. Eg seier til meg sjølv det stygge ordet fuck it!  Og veit veldig godt kor toskje det er å henga fast i dette gamle skitet. Og at det ikkje lenger stemmer. Så la oss passa på å byggja alle ungar og ikkje la nokon stå att som sistevalet (høyrer de alle lærarar i det ganske land og vidare ut). Det sit så forbaska i!

Tap kan bli vinning

Noko vondt kan alltid føra til noko godt, tenkte eg då eg blei skild for andre gong. Eller eg tenkte det i alle fall etter kvart. Eg mista ein ektemann og eit hus og ein heim og to kattar som blei igjen austpå hos den gjenverande, men så kom eg meg heim. Heim til heimbygda mi og heim til ungane mine og barnebarna og venner. Så eit tap, og ei vinning. Det same var det då eg i sjuande klasse på skulen skulle hoppa over den forhatte kassen og traff med tåa midt på karmen så eg brekte storetåa. Det var vondt. Å du og du kor vondt det var. Men klagde eg? Slett ikkje. Eg slapp gymmen resten av året. At tåa verkte i sikkert fem år etterpå og var vondt, det spelte ingen rolle. Ingen meir kassehopping heile grunnskulen. Eg kunne skulda på tåa. Men gjekk ein til lege med tåa? Nei, ein gjekk ikkje til lege i utide den gongen. Vondter var noko som gjekk over det. Ein fekk berre ta seg saman. Men eg lærte då at det som er vondt kan føra til noko godt, og trua på det har eg halde fast på. Det er berre å ha tålmod. Og det rare er at tålmod har eg på slike ting, eg som er så utruleg utålmodig ellers. Vondter både på kropp og i kjenslene, det får ta si tid. Mens når det gjeld skrivinga mi, då er eg som ein stampande hest som må i mål. Ein venn sa til meg då eg skreiv ein av mine første ungdomsbøker og han fekk lesa utkastet: "Å lesa det du skriv er som å springa hundremeteren med ein sjæfar i hælane". Eg måtte læra meg pausar og å fylla ut, for eg ville berre i mål. Og då eg skreiv dei første romanane mine, så skreiv eg til eg blei sjuk, for eg kunne verken pusta eller ta pause. Kva har det med vondt som fører til noko godt å gjera? Sei det. Men eg held fast på teorien. 

MENNESKE SOM SET SPOR

Gjennom livet møter ein mange menneske, og nokon av dei set djupe spor i ein. År viskar ikkje bort det gode. Slik er det med ein eg møtte då eg gjekk på lærarskulen. Eg hadde gått eit år der då han kom som ny elev. Alle visste kven han var, ikkje berre fordi han var den høgaste eleven på skulen, men fordi han var den han var. Eit menneske med eit stort hjarte. Han hadde denne roen, denne integriteten og varmen som trekte folk til han. Varmen han utstråla, omsorgen han viste for dei rundt seg, dette gjorde at mange knytte seg til han. Og han hadde den sterke kristentrua som viste seg i audmjuk respekt og stor raushet. Han falda dei store hendene, og han tok gjerne eit tak for den som trong det. Også for meg kom han til å bety noko. Han var ein person det var godt å vera nær. Og for meg står det spikra i minnet den kvelden vi møttes, og han sa det var noko han gjerne ville snakka med meg om, men eg var på veg til kino og hadde det travelt, og eg spurde om vi ikkje kunne snakkast i morgen. Så blei det aldri nokon i morgon. Den natta slutta det store hjartet hans å slå. Vi skulle ikkje få møta han meir, få kjenna på varmen hans, roen, det sterke nærveret. Det er over førti år sidan livet hans tok slutt, men enno er han i mitt minne. Han var eit menneske som sette spor. Det han gav, det lever enno. Det er så forunderleg livet, at det gode som blir gitt, det lever vidare i den som fekk motta. Og vi kan bera med oss som ein arv å gje vidare det gode vi fekk.

Tante Fina

Menneske kan setja spor lenge etter si tid. Eg hadde i barndommen min ei "tante Fina". Ho var venninne med bestemor og litt i periferien inngift i familien via ein bror, og "tante Fina" var ofte på besøk hos bestemor. Ho var ein del av min barndom. "Tante Fina" var ikkje gift og hadde ikkje eigne barn og barnebarn, men ho hadde hjarte og tid for ei lita jente som hang rundt dei to eldre damene og ville ha med seg alt dei snakka om. Eg la meg ofte under bordet då og gjorde meg usynleg for å få med det som ikkje passa for barn. Men det som gjer at eg aller mest hugsar "Tante Fina", det er fordi ho fora meg med bøker. Mitt vidopne barnesinn tok inn bøkene og levde i dei, og "Tante Fina" kom aldri med bøker som Bobseybarna eller Frøken Detektiv, ho kom med GGP-bøker, der innhaldet var mykje meir mangslunge. Der var dei store sorgene og dei store gledene, der var det krig og svolt og død og menneske som gjorde godt. Bøkene til "Tante Fina" var viktige for meg. Dei opna noko i meg, noko som gjorde at eg aldri valde lettvindte bøker seinare, eg måtte ha noko som berørte meg der inst inne i meg. Eg ville lesa bøker som fekk meg til å gråta og til å bli glad, eg villa ha bøker som lærte meg noko om det å vera menneske på godt og vondt. "Tante Fina" opna rom i meg med bøkene sine og kanskje var ho med på å gjera meg til forfattar, for det er slike innput som kan gjera ein forskjell. "Tante Fina" har vore borte lenge no, men det ho sådde lever igjen. Så fint er det i livet, vi lever ikkje berre den tida vi lever, men vidare i dei vi har sådd noko viktig i.